Konsert med OboeBass og Hjelleklang!

Torsdag 2.november kl. 20.00 vil verdas einaste obo/kontrabass duo framføre sine unike musikalske tonar her hjå oss. Koret Hjelleklang blir og med på konserten. Kanskje det blir nokon overraskingar ilag med OboeBass?

 

 

 

 

 

 

 

OboeBass består av ekteparet Carrie Vecchione og Rolf Erdahl. Dei bur i Minnesota og har spelt inn 5 CD’ar og held mange konsertar rundt om i Amerika. Dette er ein heimkomst for Erdahl. Farmora hans var født i Oppigard på Fosnes. Navnet og oldeforeldrene kom frå Erdalen når Absalon Erdal og Ingeborg Guddal reiste til Amerika rundt 1870. Rolf budde i Bergen i eit par år som Grieg forskar og som musikar i Bergen filharmoniske orkester.

Vi får gleda av å få ta del i musikken deira her på Nasjonalparksenteret, og ønskjer alle hjarteleg velkomne!

Kafè’en er open for dei som ønskjer å kjøpe seg forfriskningar eller noko å bite i utover kvelden.

Inngang kr. 150,-

For meir informasjon om OboeBass – www.oboebass.com

Vi sjåast!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.