Juleope!

Saman med Matstova held vi juleope laurdag 2.desember kl. 11.00-15.00!

Har du enno ikkje funne den rette gåva, og hadde du eigentleg tenkt å bake fleire sortar til jul?
Matstova hjelper deg med å fylle opp kakeboksen! Det vert sal av kaffilefser og fiskelefser, og du kan velje mellom sjakkruter, bordstabel, sirupssnippar og mykje meir. Kan ein boks med velsmakande julekaker vere eit gåvetips?
Vi har nydelege steinsmykker og varme strikkegensarar, skjerf og huer med mønster frå Nordfjord. Kva med putetrekk i saueskinn, spanande bøker, eller ei knipetang med handtak som geviret på ein hjort?

Kafè’en er open hjå begge. Her kan du få kjøpe deg kaffi med noko attåt.

Velkomne til ein triveleg førjulshandel!

                    

                  

               

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.