Ledige stillingar – Sommarsesong 2019

Ynskjer du ein sommarjobb i vakre og idylliske omgjevnadar?

Jostedalsbreen nasjonalparksenter er eitt av tre besøkssenter knytt til Jostedalsbreen
nasjonalpark. Nasjonalparksenteret ligg i Stryn, og er ei frittståande stifting støtta av Miljødirektoratet med hovudføremål å formidle naturverdiane i nasjonalparken.

For sommarsesongen 2019 søkjer vi etter følgjande;

  • Medarbeidarar resepsjon/kafè/butikk
  • Tilkallingsvikarar

Arbeidsoppgåver:

  • Formidling og vedlikehald av utstilling inne, botanisk hage og geologisk park
  • Informasjonsformidling om nasjonalparken
  • Andre oppgåver vil vere servering, rydding og reinhald
  • Ønskjeleg med naturfagleg bakgrunn og interesse for friluftsliv

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Serviceinnstilt, effektiv, fleksibel, arbeidsam og trivast med arbeid inne som ute
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og på lag med andre
  • Gode formidlingsevner – vere i stand til å ha omvisning både for enkeltpersonar, grupper, vaksne og born
  • Gode språkkunnskapar – norsk, engelsk (tysk/fransk/spansk)

Vi har behov for medarbeidarar i løpet av perioden mai-september. Dei som kan jobbe heile sesongen vert prioritert. Ver venleg og informer om kor tid i denne perioden du kan jobbe, samt kva stilling du søkjer på (medarbeidar eller tilkallingsvikar). Ein del jobbing i helgar og heilagdagar må påreknast.

Vi tilbyr ein spanande og variert jobb i eit inkluderande og aktivt miljø.

Kortfatta søknad med CV sendast til nasjonalpark@jostedalsbreenadventure.com

For nærare opplysningar kontakt dagleg leiar Wenche Nesje tel. 916 23 883, wenche@jnps.no

Søknadsfrist 10.mars 2019